Det vert telemarkstrening ilag med Syril Telemark på fyrstkommande laurdag kl 08.00 -10.00 på Sogn Skisenter. Dette vert arrangert av Syril Telemark, Luster Telemark/Il Bjørn. Utgangpunktet er deltakarar i alle aldersgrupper men yngre bør være i fylgje med føresette. Det vert sett opp portar for å trene på svingteknikk og løypekøyring for dei som kanskje kan tenkje seg å delta på dei planlagde telemarkrenna i Sogn.

Vi i arrangørgruppa er i full gang med planlegging og tilrettelegging av renna som går av stabelen 6 og 7 mars som forhåpentlegvis vert ei helg med flotte opplevelsar for deltakarar og publikum.

Fjelltelemark NM i forbindelse med Sognefjordrennet pÃ¥ Leikanger med kongepokal, og storslalom NM FIS renn i forbindelse med Heggmyri Rett Ned pÃ¥ Heggmyrane. “Begge arrangementa har sjølvsagt klassar for dei som vil delta utanom NM, i tradisjonelt Sognefjord og Heggmyri Rett Ned renn”.

Alle som er nybyrjarar er velkomne på laurdag så skal vi instruere så godt vi kan. Dersom det er problem med å skaffe til veges utstyr så ta kontakt med underteikna.

Dette i fyrste omgang for å lodde stemninga for telemarkssporten, og kanskje vidareutvikle eit opplegg og miljø på sikt i samarbeid med Syril Telemark.

Syril har mange meir eller mindre aktive medlemmar.

Sogn Skisenter krev eit gebyr for å åpne anlegget utanom ordinær åpningstid. Denne kostnaden er avhengig av kor mange som deltek men ca 100-150 kr må påreknast uavhengig av årskort.

Føresette som har spesiell interesse for dette og gjerne vil ta i eit tak er hjarteleg velkomne. Distribuer gjerne denne mailen til andre som kan ha interesse.

Minner om at “Heggmyri Rett Ned” vert vurdert til Ã¥ være med i Telenorkarusellen til IL Bjørn og har bÃ¥de alpin og telemarkklasse.

(Aldersgruppe opp til 12 år.)

Utklipp frÃ¥ Skiforbundet sine telemarkside ; “Telemark er den artigste mest utviklende aktiviteten vinterstid. Me fri hæl er mulighetene mange bÃ¥de oppover og nedover, svinger, hopp og reipelykkjer fjellturer og løssnø. Det er SKILEIK, samtidig er det ogsÃ¥ skikjøring i verdensklasse. Med telemarkski kan du gjøre alt.. ALT PÃ… ETT PAR SKI”

Link til sognarenni : http://www.sognefjordrennet.com/

http://heggmyrirettned.hafslo.no/

http://www.sognskisenter.no/

http://www.skiforbundet.no/telemark/Sider/Telemark.aspx

http://ja-jp.facebook.com/pages/TELEMARK-NM-2010/282642237574?v=app_2373072738

Kategorier: Aktivitet

Legg igjen en kommentar